Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Overgang

Kjøp av gjennomgåande billett

Av FRAM kjøper du ein samla billett når du skal reise over ei lengre strekning med bussen, kalt gjennomgåande billett. Billetten kan du òg fortsette å bruke i den siste sona som står på billetten, så lenge tida på billetten ikkje har gått ut (normalt innan 60 minutt etter framkomsttida).

Overgang

Bytte mellom to av bussane eller hurtigbåtane til anna buss/hurtigbåt, blir rekna som overgang. Dette gjeld når transportmidla er del av ei lengre reise. Når ferje inngår i reisestrekninga til bussen får du ein papirbillett for ferjestrekninga. Denne må du ta vare på og vise til mannskapet på ferja.

Om destinasjonen for reisa ligg i Møre og Romsdal, skal det så langt som råd bli seld gjennomgåande billett heilt fram.

Overgang med periodebillett

Har du periodebillett for eit området, gjeld billetten for overgangen på alle ruter og soner i området. Ved overgang mellom bussane eller hurtigbåt blir reisekortet og billetten i FRAM-appen lest av (validert) på bussen/hurtigbåten.

Har du ein periodebillett der ferje er ein del av strekninga, må du vise fram kvitteringa for billetten på reisekortet og i FRAM-appen til mannskapet på ferja.

Merk! Reglene til FRAM for overgang gjeld ikkje om bord på Kystekspressen, som ligg i kollektivtilbodet til AtB i Trønderlag.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00