Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ofte stilte spørsmål

Her vil du finne svar på spørsmåla som ofte blir stilt til FRAM Kundesenter på telefon og i kontaktskjemaet.

Kva kan eg bruke reiseplanleggaren til?

I reiseplanleggaren kan du leggje informasjon om kor du vil reise frå og til og få informasjon om fleire moglege reisealternativ. Det er ikkje nødvendigvis korrespondanse mellom avgangane du for oppgitt. Berekn overgangstid i tillegg til eventuelt gangtid mellom haldeplassane. Her kan du prøve å søke i reiseplanleggaren på forsida.

Kva er FRAM-appen for noko?

Med FRAM-appen kan du kort fortalt bruke mobiltelefonen til å søke i reiseplanleggaren, kjøpe billetten, og sjekke om det er avvik på avgangen. Alt er samla i éin app. Her kan du finne informasjon om FRAM-appen.

Bussen kom ikkje, kva gjer eg for å få refundert billetten?

Du kan bruke reisegarantien til FRAM for å få dekt utgiftene til alternativ transport med taxi eller privatbil o.l. Her kan du finne informasjon om reisegarantien og skjemaet til å sende inn.

Kan eg betale med bankkort om bord?

Ja, alle bussane og hurtigbåtane til FRAM har bankkortterminalar tilgjengeleg. Det har også ferjene.

Kva er reisekortet?

Reisekortet er for deg som reiser både ofte og sjeldan, og er eit plastkort du elektronisk legg billettane dine på. I tillegg har reisekortet ein verdidel kor du kan fylle på pengar og bruke verdien som betalingsmedel til kjøp av enkeltbillettar og periodebillettar. Her kan du finne informasjon om reisekortet.

Eg kan gløymt noko på bussen, hurtigbåten eller ferja, kva gjer eg?

Du kan kontakte operatøren for bussen, hurtigbåten eller ferja. Om det er mogleg å spore deg opp som eigar av gjenstandane som er gløymde, blir du kontakta. Her kan du finne informasjon om hittegodset.

Er det mogleg å sende ei pakke med bussen?

Ja, å sende ei busspakke er enkelt og godt alternativ for å få levert pakken raskt. Det er viktig å vite at avsendaren skal alltid betale for frakta ved sending av pakke med bussane. Mottakaren er ansvarleg for å møte opp ved avtalt stoppestad for å ta imot pakken når bussen kjem. Uhenta pakkar/varer blir returnert til avsendarstaden/ekspedisjonen. Her kan du finne prisane for busspakkene.

Kva er bestillingstransporten eg har høyrt om?

Det er nok FRAM Flexx du har høyrt om. Dette er transport som berre køyrer på bestilling, gjerne med taxi. Her kan du lese om bestillingstransporten FRAM Flexx og bestille.

Får eg refundert periodebilletten om eg ikkje brukar han?

Om du er 100 prosent sjukemeldt i minst åtte dagar, kan du få refundert den delen av perioden som er igjen for billetten frå og med den første sjukemeldingsdagen. Utrekninga av refusjonsbeløpet gjer vi når du har sendt inn ein kopi av sjukemeldinga, kjøpskvittering for periodebilletten og eit utfylt skjema for refusjon. Her kan du finne refusjonsskjemaet. Send det i posten til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.

Når er det skoledag og skolefri?

For enkelte av avgangane til bussane er tilbodet ulikt for skoledagane og skolefri, dette vil vere merka i rutetabellen. Her kan du finne informasjon om skolekalenderen (skoleruta).

Bruker du FRAM-appen og reiseplanleggaren til å finne rutetidene, treng du ikkje tenke på dette. Heilt enkelt.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00