Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Om FRAM

FRAM – kollektivtilbodet i Møre og Romsdal

FRAM er namnet på det samla kollektivtilbodet som Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for i dette fylket.

Det er samferdselsavdelinga i fylkeskommunen som arbeidar med å planlegg og lage rutene til bussane, hurtigbåtane og fylkesvegferjene merka med FRAM-namnet. I tillegg er vi ansvarlege for å marknadsføre og kommunisere dette tilbodet til publikum.

FRAM har omkring 20 millionar reisande i året.

Operatørar

All operativ drift blir gjort av ulike operatørar som køyrer på kontrakt med Møre og Romsdal fylkeskommune.

Buss: Nettbuss AS, Sekken Næringspark AS, Tide Buss AS, Veøy Buss AS, Boreal Buss AS.

Hurtigbåt: Boreal Sjø AS.

Ferje: Fjord1 AS, Norled AS, Torghatten Nord AS.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00