Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM Ekspress

For deg som skal reise langt i fylket, kan FRAM Ekspress-rutene vere ein enkel, moderne og trygg måte å komme seg fram på. Så kan du slappe av og bruke tida på andre ting enn å køyre.

Rutene

  • FRAM Ekspress rute 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund (den tidlegare TIMEkspressen)
  • FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 902 Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim (Mørelinjen)
  • FRAM Ekspress rute 905 Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen)

Her kan du finne rutehefta for FRAM Ekspress-tilboda, du kan søke i reiseplanleggaren på nett, bruke FRAM-appen eller du kan ringe FRAM Kundesenter på tlf. 71 28 01 00.

FRAM Ekspress-bussane er universelt utforma, og rutene har sanntidsinformasjon. Her finn du informasjon om kva sanntid er for noko.

Kjøpe billett

Du kan kjøpe billett til avgangane gjennom nettsida til den ansvarlege operatøren på førehand (foreløpig), i tillegg til om bord på bussen av sjåføren.

Merk! Salet av billett på nett gjeld ikkje rute 420 Molde-Åndalsnes.

Tillate med hund

Frå og med 1. oktober 2017 blei det tillate å reise med hund på FRAM Ekspress-rutene. For hund betalar du barnebillett, og eigaren kan kjøpe billett til hunden av sjåføren om bord. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett.

Vilkår for reise med hund:

  • Reisande med hund skal sitte lengst bak i bussen
  • Dersom det er reisande om bord med sterk allergi, kan sjåfør be reisande med hund om å vente på neste avgang
  • Dersom det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be reisande med hund om å vente på neste avgang
  • Dersom hunden er til sjenanse for andre reisande, kan sjåføren be eigaren om å forlate bussen med hunden

Katt i bur er også tillate på bussen.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00