Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Rabattar

I denne oversikta har vi samla informasjon om rabatten på tilgjengelege billettar og forklaring til deg som ikkje treng eigen billett.

Reisekort

Med reisekortet får du 17 prosent rabatt ved kjøp av ein enkeltbillett for vaksen.

Barn

Barn under fire år reiser gratis saman med ein vaksen, bortsett frå barnehagane. Barn under 16 år betalar 50 prosent av vaksen enkeltbillett.

Skoleelev og student - enkeltbillett

Skoleelevar/studentar får 50 prosent rabatt på enkeltbillett for reiser frå og med 12 soner éin veg i heile Møre og Romsdal. Dette gjeld òg for reise til og frå Oppdal og Trondheim. For kortare reiser enn 12 soner kan du kjøpe billett for 12 soner, og få rabatten. På ruter som køyrer mellom Sunnmøre-Sogn og Fjordane, får skoleelevar og studentar 25 prosent rabatt. Du treng ha med gyldig skole-/studiekort for å ha rett til skole- og studentrabatt.

Skoleelev og student - periodebillett

Skoleelevar/studentar får 40 prosent rabatt på periodebillettane for valt/bestemt reisestrekning, det gjeld ikkje periodebillettane i kategorien "område". Rabatten kan du bruke frå og med ti dagar før skole-/semesterstart, til og med ti dagar etter skole-/semesterslutt.

Lærlingar er ikkje dekt av skole- og studentrabatten, men kan eventuelt kjøpe periodebilletten for ungdom. Skoleelevar utan rett til å få dekt skoleskyssen mellom bustaden og skolen, kan òg kjøpe periodebilletten for ungdom, kalt FRAM Ung. Her kan du finne informasjon om FRAM Ung.

Barnevogn

Barnevogn kan du ta med utan å kjøpe eiga billett til vogna. Merk at det kan vere for fullt om bord for vogna, sjåføren avgjer dette.

Rullestol

Rullestol er det ikkje nødvendig å kjøpe billett til. Billetten din gjeld óg for rullestolen.

Hund

For hund er det same takst som barn om bord i bussane, dette gjeld òg for katt. Førarhund saman med blind/svaksynt, nyttehund som kan legitimerast, og politihund saman med betalande politi i uniform, kan reise utan eigen billett.

Sykkel

Sykkel har same takst som barn om bord i bussane. Ver merksam på at det kan vere avgrensa moglegheit til å ta med sykkel, og at sykkelen ikkje blir prioritert i periodene med mange reisande. Har du ein sykkel det går an å legge saman, kan du ta med denne som handbagasje utan ekstra kostnad. Syklar som du kan demontere eller legge saman, kan du frakte i bagasjerommet til bussen.

På hurtigbåtane treng du ikkje betale for sykkel.

Honnørrabatt

Honnørrabatten gjeld alle som er over 67 år, blinde eller mottar uførepensjon etter folketrygdloven. Rabatten for honnørar er 50 prosent av enkeltbillett-taksten for vaksne.

Ektefelle, registrert partnar eller sambuar i følge med person som har rett til honnørbillett, har òg rett på honnørbillett. Honnørrabatten kan du ikkje kombinere med andre rabatterte billettar i tillegg.

Du må kunne vise fram godkjent legitimasjon ved bruk av honnørrabatten.

Følgeperson

Reisande med eit særskilt behov kan reise saman med følgeperson utan at følgepersonen treng eigen billett (må vise fram følgepersonbeviset). Følgepersonbeviset skal vere skrive ut av kommunen kor den funksjonshemma er busatt.

Grupperabatt

Ei gruppe på to eller fleire som reiser saman og kjøper billett samtidig, får 25 prosent rabatt på enkeltbillettane når strekninga er sju sonar eller lengre. Grupperabatten gjeld berre vaksne og barn, ikkje for eksempel deg som er vernepliktig eller honnør, men de kan bidra til å lage gruppa som får rabatt.

Periodebillett 24 timar

Periodebilletten for 24 timar gir deg 20% rabatt av kva det kostar for ein periodebillett til det området.

Vernepliktig personell og sivile tenestepliktige

Vernepliktig personell og sivile tenestepliktige får 50 prosent rabatt på vaksen enkeltbillett. Vernepliktboka gjeld normalt som legitimasjon, for innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som legitimasjon. Militærrabatt kan du ikkje kombinere med andre rabattar i tillegg.

Interrail/Eurail

Mot å vise fram gyldig Interrail-/Eurail-billett får du 50 prosent rabatt på den ordinære vaksen-billetten på togbussane FRAM Ekspress rute 420 Åndalsnes-Molde og FRAM Ekspress rute 681 Åndalsnes-Ålesund.

Billettkontroll

Den reisande er ansvarleg for å ha gyldig billett, og for å ha med seg relevant dokumentasjon til den rabatterte billetten. Om du ikkje har korrekt billett og dokumentasjon i en billettkontroll, må du i tillegg til å betale for billetten betale eit gebyr på 500 kroner ved betaling på staden. Blir det sendt faktura er gebyret sett til 750 kroner.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00