Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nettbutikken

For å kunne handle i nettbutikken må du ha ein registrert konto og vere logga på. I nettbutikken kan du kjøpe og fylle på reisekortet med periodebillettane og verdi.

I nettbutikken

Alle periodebillettane er tilgjengelege i nettbutikken, bortsett frå FRAM Ung. I nettbutikken kan du òg fylle reisekortet med ein verdi (beløp) til kjøp av billett om bord, og sjekke kva for verdi som er igjen på kortet.

Her logger du inn i nettbutikken, registrerer konto og får sendt nytt passord.

Merk! Billettane du kjøper i nettbutikken til FRAM vil vere tilgjengelege på reisekortet neste dag, så ikkje gløym å fylle det i god tid innan du skal reise.

Registrere reisekort

Du må ha minimum eitt reisekort registrert på kontoen din for å kunne kjøpe og fylle reisekortet. Vel "registrer nytt reisekort" om ingen kort er registrert frå før. Du kan registrere fleire kort pr. konto, slik at det er mogleg for ein familie å berre ha ein konto for familien. Du kan knyte reisekortet opp mot eit kallenamn for lett  å kunne identifisere kva reisekort som er knytt til kontoen.

Sikkert nettkjøp i nettbutikken

  • Transaksjonar gjennom nettbutikken til FRAM følger alle instruksar for tryggleik og netthandel
  • Du blir autentisert i nettbutikken med brukarnamn og passord
  • Når kontoen er registrert, blir det sendt ei melding til e-posten din. For å aktivere kontoen må du bruke meldinga som kjem på e-post, meldinga er tidsavgrensa
  • Alle kjøpa blir registrert i nettbutikken, men ikkje bruken av reisekortet på bussane/hurtigbåtane
  • Betaling blir utført gjennom PayEx, Teller og kredittkortselskapa i samsvar med deira retningslinjer (VISA vil reservere beløpet i fem dagar sjølv om du ikke gjennomfører betalinga)

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00