Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Billettoversikt

Billetten får du kjøpt 1) rett på mobilen gjennom FRAM-appen, 2) ved å besøke Kristiansund trafikkterminalMoa trafikkterminal og Molde trafikkterminal, 3) om bord på bussen, hurtigbåten og ferja, eller du kan 4) kjøpe periodebillettar og fylle på reisekortet gjennom nettbutikken.

På denne sida finn du informasjon om billettypane som er tilgjengelege for deg som reiser kollektivt med FRAM.

FRAM-appen

I FRAM-appen kan du bruke mobilen til å kjøpe både ein enkeltbillett eller periodebillett. Du kan kjøpe billett til vaksen, barn, honnør, student og sykkel rett i appen. Enkelt og greit. Sjå her for meir informasjon om FRAM-appen.

Reisekort

Reisekortet er for deg som reiser både ofte og sjeldan, og er eit plastkort du elektronisk legg billettane dine på. I tillegg har reisekortet ein verdidel kor du kan fylle på pengar og bruke verdien som betalingsmedel til kjøp av enkeltbillettar og periodebillettar. Sjå her for meir informasjon om reisekortet.

Enkeltbillett

Passar for deg som reiser ein gang i blant. Du kan betale for enkeltbillettar kontant eller med verdidelen i reisekortet. Med å bruke reisekortet får du 17 prosent rabatt på ein vaksen enkeltbillett. Grupper på to eller fleire som reiser saman og løyser felles billett, får 25 prosent rabatt på enkeltbillett når strekninga er sju soner eller lenger. Grupperabattane gjeld berre vaksne og barn, ikkje t.d. vernepliktige og honnørreisande, men dei kan telje med for å utgjere ei gruppe.

Periodebillett for 30 dagar

Periodebilletten er personleg og gjeld for ein bestemt person i 30 dagar. Billetten gir eit uavgrensa tal på reiser innanfor dei sonar du vel, og kortet gjeld frå dato til dato. Ruteselskapa har også høve til å selje periodebillettar for 15 dagar. Resiekortet skal innehalde eit fotografi av den reisande ved bruk av periodebillett. Det blir selt gjennomgåande periodebillettar for buss og ferje. Samordna periodebillettar mellom buss og hurtigbåt blir selt på enkelte strekningar.

FRAM Ung - periodebillett for ungdom

FRAM Ung er ein periodebillett for ungdom inntil 23 år, og gjeld for eit uavgrensa tal reiser med buss-, hurtigbåt- og ferje, samt med bussrute gjennom bomstasjon, innan Møre og Romsdal fylke i 30 dagar. FRAM Ung kostar 400 kroner. FRAM Ung gjeld ikkje på nattbussane i Kristiansund, Molde og Ålesund, og flybussen i Ålesund.

Periodebillettar område

Periodebillettar for eit område gir rett til eit fritt tal reiser innan det geografiske området i 30 dagar. Periodebillettane kan du ikkje nytte på nattbuss.

Det er i dag periodebillettar for dei utvalde geografiske områda:

     
Periodebillett Kristiansund   Periodebillett Ålesund, Giske, Sula
     
Periodebillett Kristiansund/Frei   Periodebillett Molde
     
Periodebillett Hjelset/Kleive   Periodebillett Ørsta/Volda
     
Periodebillett Sykkylven   Periodebillett Ulsteinvik sentrum
     
Periodebillett Elnesvågen-Molde   Sula-Ålesund med hurtigbåten (Langevågsruta)
     

Dagsbillett

Dagsbilletten gjeld i Molde, Ålesund og Kristiansund. Den er gyldig i 24 timar frå kjøpstidspunkt. Ein kan reise eit ubegrensa tal reiser innan bysona(ne) innan gyldighetsperioden. Billetten koster 20% av periodebillett «område» (tidligere miljøkort). For eksempel i Ålesund blir det kr 111,- (vaksen-takst i 2017).

Nattbuss

Dei tre største byane i fylket har eit nattbusstilbod med eigne takstar. NB! Ingen rabatt, og periodebillettar kan ikkje nyttast på nattbussane.

Busspakker

Med busspakke kan du sende pakker med bussen. Takstane for busspakkene er basert på sonetakst.

Kombinasjonsprodukt hurtigbåt og buss

Reiser du både med hurtigbåt og buss? Kombinasjonsprodukt har gunstige prisar og er tilgjengeleg på ein rekkje strekningar.

Mellom anna: Rundreise Sula-LangevågÅlesund-Nordøyane

Periodebillett for buss og ferje

For periodebillett for buss- og ferjereiser skal ferjeandelen utgjere 50 prosent av takst for kortet på vedkomande ferjedistanse. Ein slikt billett er berre gyldig for bruk som del av ei bussreise.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00