Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

No er det enda enklare å lese av billetten på hurtigbåtane til FRAM

I september fikk hurtigbåtane på rutene Hareid-Valderøya-Ålesund, Langevåg-Ålesund, Ålesund-Valderøya-Nordøyane og Molde-Vestnes-Sekken skjermar som kan lese av både QR-koden på billettane i FRAM-appen og billettane på reisekorta.

No har hurtigbåtane fått skjermar som kan lese av billettar i appen eller på reisekort.
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

–For deg som reisande er det blitt enklare å lese av den elektroniske billetten, og du kan gjere det på eiga hand. Skjermane er universelt utforma, det vil gjere at det vil bli mindre kø på hurtigbåtane, seier rådgivar Toril Karlsnes Viken.

Når du skal bruke skjermane hentar du fram QR-koden til billetten i FRAM-appen, og legg skjermen på mobilen din på skannaren til skjermen (validatoren). Du vil da få opp eit grønt bilde og ein lyd om billetten er gyldig, og eit raudt bilde og ein anna lyd om billetten er ugyldig.

For reisekorta legg du kortet på skannaren til skjemren (validatoren). På same måte, får du opp eit grønt bilde og ein lyd om billetten er gyldig, og eit raudt bilde og ein anna lyd om billetten er ugyldig. I tillegg kan du sjekke når billetten du har på reisekortet går ut.

­–Med FRAM-appen har det blitt enda enklare for deg som reiser kollektivt. I appen kan du søke i reiseplanleggaren, kjøpe billetten og sjekke avgangen for bussen, hurtigbåten og ferja gjennom mobilen. Alt samla, og du kan bruke den i heile fylket, seier Viken.

For meir informasjon om FRAM-appen, sjå frammr.no

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00