Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Justeringar i FRAM Flexx-tilbodet frå 1. juni 2017

Som følge av endringar i rutetider for buss og ferje, blir det nokre justeringar i FRAM Flexx-tilbodet i kommunane Aure, Halsa, Herøy og Haram frå 1. juni 2017.

FRAM FLEXX er bestillingstrafikk og inngår som ein del av det ordinære kollektivtilbodet i Møre og Romsdal, men køyrast vanlegvis av drosje eller maxi-taxi. FRAM Flexx køyrer berre når nokon har bestilt, og bestillingane blir samordna for å utnytte ressursane best mogleg. Slik kan FRAM tilby eit godt kollektivtilbod i distrikta

Oppdatert informasjon på frammr.no/flexx

For oppdaterte tider, sjå frammr.no/flexx. Her kan du og laste ned oppdatert brosjyre over FRAM Flexx-tilbodet i dei ulike kommunane. Endringane blir synlege i bestillingsportalen frå 1. juni.

FRAM Flexx Aure kommune

Nokre justeringar i tilbodet som følge av endringar i rutetider for buss og ferje.

FRAM Flexx Halsa kommune

I samband med at Linje 905 (Mørelinjen) mot Trondheim no har enkelte avgangar over Hemnekjølen, er det nokre FRAM Flexx-transportane som blir avslutta.

FRAM Flexx Herøy kommune

Som følge av endringar i rutetider for buss og ferje, blir det nokre justeringar i FRAM Flexx-tilbodet i Herøy kommune.

FRAM Flexx Haram kommune

Brosjyren og tabellane for FRAM Flexx-tilbodet i Haram kommune er justert med riktige haldeplassnamn og destinasjon for busskorrespondanse.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00