Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frå 1. mai er det nye rutehefter for FRAM

Frå og med i år kjem alle bussane, hurtigbåtane og ferjene i Møre og Romsdal til å ha den same ruteperioden, med rutetider gjeldande frå 1. mai til 30. april i det påfølgande året. Dette er ei endring frå dei tidlegare åra, då det har vore ei ulik gyldigheit på perioden for bussane.

Foto: Terje Aamodt

Unntaket vil fortsatt vere flybussane i Ålesund. Avgangane til flybussen vil enno bli justert fleire gonger i året, etter endringane i flytidene.

Nye rutetider ligg allereie på nett

Med den nye ruteperioden frå 1. mai 2017, blir det ein del endringar i rutene – nokre små og nokre større. For å sjå detaljane i ruteendringane – kan du søke i reiseplanleggaren på frammr.no eller bla i rutehefta på frammr.no/ruter. Rutehefta kan du finne om bord i bussane, hurtigbåtane, ferjene og ved trafikkterminalane frå denne veka.

Meir informasjon om dei viktigaste endringane finn du her:

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00