Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktuelt

Endringar på avgangane for bussrute 831 frå 27. november

24.11.17

Frå måndag 27. november vil det bli endringar for bussrute 831 Veiholmen-Hopen-Nordvika-Straumen-Edøya. Det blir endringar både mot og frå Edøya.

Nye endringar på båt- og busstilbodet mellom Godøya og Ålesund

21.11.17

Etter to veker med drift av båt- og busstilbodet mellom Godøya og Ålesund, ser vi at det er behov for nokre justeringar. 

Omkøyring for kollektivtrafikken når Gjemnessundbrua er stengd

15.11.17

Laurdag 25. og søndag 26. november vil køyringa for FRAM Ekspress rute 905 Ålesund/Molde/Kristiansund til/frå Trondheim bli lagt om. Dette er på grunn av nødvendig vedlikehaldsarbeid, som stenger Gjemnessundbrua for all trafikk denne helga. 

Endring på ein avgang frå Juv frå 20. november

15.11.17

Bussavgangen frå Juv i Giske (664) blir flytta frå 07.00 til 06.55 

Julerutene er lagt ut

14.11.17

Skal du ut og reise i jula, kan du finne julerutene for buss, hurtigbåt og ferje her.

 

Merk! Vi gjer merksam på at det er berre rutene 618 Hessa-Skarbøvik-Ålesund sentrum-Ålesund sjukehus-Moa-Myrland-Magerholm, FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal, og flybussen i Ålesund som køyrer julaftan og nyttårsaftan. Rutetidene for jula kan du søke etter her i reiseplanleggaren og FRAM-appen.

 

Opningstidene til FRAM Kundesenter i jula:

Julaftan 24.12.17 Stengt
1. juledag 25.12.17 Stengt
2. juledag 26.12.17 10.00-21.00
Romjula  27., 28., 29.12.17 08.00-21.00
Romjula 30.12.17 09.00-18.00
Nyttårsaftan 31.12.17 10.00-16.00
1. nyttårsdag 01.01.18 10.00-20.00

Vi utviklar nettsida til FRAM

07.11.17

I ettermiddag/kveld blei nettsida til FRAM flytta frå ein plattform til ein anna. Du vil kanskje sjå at forsida er noko endra allereie no.

Innstilling nattbuss Valderøy-Vigra frå 1. november

07.11.17

Nattbussen frå Ålesund til Valderøya-Vigra vil bli innstilt frå 1. november til utgangen av februar pga nattestengt tunnel.

Oppmoding frå FRAM: vis at du skal på

31.10.17

Det er ikkje alltid lett for ein bussjåfør å sjå dei som står på busshaldeplassane eller vite om dei som står der faktisk ønsker å vere med bussen. Derfor går FRAM no ut med ei oppmoding til alle bussreisande: vis at du skal på!

Arbeid i Ellingsøytunnelen, Valderøytunnelen og Godøytunnelen

17.10.17

Ellingsøytunnelen, Valderøytunnelen og Godøytunnelen skal rustast opp, og snart startar arbeidet. Det er Statens vegvesen som har ansvar for prosjektet.

No er det enda enklare å lese av billetten på hurtigbåtane til FRAM

11.10.17

I september fikk hurtigbåtane på rutene Hareid-Valderøya-Ålesund, Langevåg-Ålesund, Ålesund-Valderøya-Nordøyane og Molde-Vestnes-Sekken skjermar som kan lese av både QR-koden på billettane i FRAM-appen og billettane på reisekorta.

Endring på to av FRAM Ekspress-avgangane frå Trondheim frå 23. oktober

09.10.17

Frå og med måndag 23. oktober vil avgangane klokka 16.35 og 17.15 frå Trondheim for FRAM Ekspress rute 905 bli flytta fram. Flyttinga på avgangane vil gjelde for måndag-fredag.

Ferjerute 36 Åfarnes-Sølsnes og bussrutene 420 og 421 blir endra 18. september

09.10.17

Frå og med måndag 18. september vil det køyre éi ferje på rute 36 Åfarnes-Sølsnes igjen. På grunn av dette vil det bli nokre endringar på avgangstidene til rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde og 421 Molde-Sølsnes frå same dato.

Dette er forslaga for bussrutene i Ålesund og Giske

04.10.17

- Vi har tidlegare gått ut med at samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår endringar i busstilbodet i kommunane Ålesund og Giske har fått mange spørsmål om kva endringsforslaga går ut på, seier Svein Ivar Aarskog, rådgivar og fagansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Fram Ekspress køyrer via Vinjerøra frå 2. oktober

29.09.17

Frå 2. oktober kan du ta rute 905 FRAM Ekspress frå Staurset, Haukvika og Vinjeøra til Trondheim.

Frå 1. oktober kan du ha med hund på FRAM Ekspress-rutene

25.09.17

For å gjere det enklare å reise kollektivt med hund, vil det frå søndag 1. oktober vere tillat å ha med hunden om bord på FRAM Ekspress-rutene.

Nytt og betre rutetilbod på Smøla

22.09.17

I haust starta eit nytt og betre rutetilbod med bussrutene 831 og 832 på Smøla. No er det korrespondanse både til og frå alle hurtigbåtavgangane til Kystekspressen på Edøya.

Utvida ferjetilbod mellom Eidsdal-Linge dei neste to helgane

14.09.17

Sommartabellen med A- og B-ferje blir forlenga til dei neste to helgane, veke 37 og 38, for ferjesambandet 15 Eidsdal-Linge.

Ferjeruta Åfarnes-Sølsnes og bussrutene 420 og 421 blir endra 18. september

14.09.17

Frå og med måndag 18. september vil det køyre éi ferje på rute 36 Åfarnes-Sølsnes igjen. På grunn av dette vil det bli nokre endringar på avgangstidene til rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde og 421 Molde-Sølsnes frå same dato.

Endringar for nattbussen i Ålesund

07.09.17

Frå og med natt til 10. september, blir det endringar for nattbussen i Ålesund. Dette i samband med at skjenketida i Ålesund er endra. 

Ålesund: Endringar i nattbussen

06.09.17

I samband med at skjenketida i Ålesund er endra, blir det óg endringar for nattbussen frå og med natt til 10. september.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00